Mitt Himalaya

Lat meg få vandre

 *****

Stundene då eg

Drakk meg utyrst

Av livets kjelde,

Kjem att og att

Og lyser over mitt livs ulende

Som eit Himalaya

Dei fjerne tindar

I snjoglansen ovanfor voksterlina

Er mine mål.

 

Lat meg då vandre

Som ein liten på jord,

 Eg må fomle og bie

 Og må finne dei små stigar,

Nesten usynlege,

Til mitt Himalaya

- Aslaug Vaa

 

 

 

Meny

Design © Gerd Eva